Området der Stryn Vertshus ligg, har ei rik historie. Kjært barn har mange namn: «Tindebuneset», «Eksisplassen» (Eksersersplass frå 1838), Petterneset, Kommuneplassen og so vidare.
Det er gjort fornminnefunn frå folkevandringstida og vikingtida i dette området. På bildet ser ein kartteikninga frå 1838 over den nye «Tonning Exerceerplads for Stryenske Compagnie». Telthuset og Tiendebuda stod på neset frå før.
Telthuset til Strynekompaniet vart bygt i 1790 og flytta til Nordfjordeid i 1880-åra. Plassen vart brukt til festplass og dei to første fotballbanene i Stryn vart lagt her, første offisielle bana i 1921.
I 1868 vart første skulehuset for allmugen bygt på Eksisplassen fram mot Bygdevegen og rett utanfor, på andre sida av vegen, der Isehaug held til i dag, hadde nettopp R.A. Sunde ført opp sitt forretningsbygg ved sidan av stovehuset sitt. Begge desse husa vart flytta ut i Perhustunet i 1890 (dagens «Telegrafen» og «Skomakarhuset»).
I 1873 slo Ingeborg og Christian seg ned her, vegg i vegg med skulehuset. Vi kjem tilbake med meir om desse to og etterkomarane deira.
![](/Resources/StrynKaffebarVertshus_46/Images/cat14.jpg)
![](/Resources/StrynKaffebarVertshus_46/Images/cat13.jpg)
Breidablik Ungdomslag på Storesunde og Stryn Ungdomslag stilte med dei nye fanene sine. Husa frå venstre er Sunde-Hanshuset (1903), Heimskringla (1909), Tonning skule (ny i 1912), Isehaug sitt hus under bygging og Smeby (1897). Stryn Vertshus ligg rett utanfor høgre bildekant. Vegen frå Visnes til Berstad («Vegenden») var ferdig i 1880 og i 1892 var «riksvegen» til Faleide, Langeset, Markane og Hornindal ferdigbygt. «Svingjen» var eit faktum, og området kring dagens Stryn Vertshus vart med eitt sentrum i Stryn. På bildet under poserer «Mattis» Nesje i 1910 med godt grep om trøyekanten. Huset til høgre er skulehuset frå 1868. Vidare ser ein Anne Aarheim og Jakob Myklebust sine forretningsbygg (frå ca. 1908-09). Mattis og kona Ingeborg (frå Smebyfamilien) bygde sitt forretningsbygg i 1914 på innsida av Svingjen. I mellomtida kom der to nye hus innanfor Christian Tonning sitt hus, nemleg Strikkarhuset og Jordmordhuset.
Slik såg området ved Svingjen ut i 1911, med Betania øvst oppe i «Myrane» og det andre bedehuset, Fredheim, til venstre i bildet. Det vesle kvite huset i Svingjen er i det som i dag er Stryn Vertshus.
Og sett frå andre sida i 1913: