Historie
Området der Stryn Vertshus ligg, har ei rik historie. Kjært barn har mange namn: «Tindebuneset», «Eksisplassen» (Eksersersplass frå 1838), Petterneset, Kommuneplassen og so vidare. Det er gjort fornminnefunn frå folkevandringstida og vikingtida i dette området. På bildet ser ein kartteikninga frå 1838 over den nye «Tonning Exerceerplads for Stryenske Compagnie». Telthuset og Tiendebuda stod på neset frå før.




Telthuset til Strynekompaniet vart bygt i 1790 og flytta til Nordfjordeid i 1880-åra. Plassen vart brukt til festplass og dei to første fotballbanene i Stryn vart lagt her, første offisielle bana i 1921.

I 1868 vart første skulehuset for allmugen bygt på Eksisplassen fram mot Bygdevegen og rett utanfor, på andre sida av vegen, der Isehaug held til i dag, hadde nettopp R.A. Sunde ført opp sitt forretningsbygg ved sidan av stovehuset sitt. Begge desse husa vart flytta ut i Perhustunet i 1890 (dagens «Telegrafen» og «Skomakarhuset»).


I 1873 slo Ingeborg og Christian seg ned her, vegg i vegg med skulehuset. Vi kjem tilbake med meir om desse to og etterkomarane deira.

Oversiktsbilete der ein ser festlyden i Stryn markere 100-årsdagen for Grunnlova. Breidablik Ungdomslag på Storesunde og Stryn Ungdomslag stilte med dei nye fanene sine. Husa frå venstre er Sunde-Hanshuset (1903), Heimskringla (1909), Tonning skule (ny i 1912), Isehaug sitt hus under bygging og Smeby (1897). Stryn Vertshus ligg rett utanfor høgre bildekant. Vegen frå Visnes til Berstad («Vegenden») var ferdig i 1880 og i 1892 var «riksvegen» til Faleide, Langeset, Markane og Hornindal ferdigbygt. «Svingjen» var eit faktum, og området kring dagens Stryn Vertshus vart med eitt sentrum i Stryn. På bildet under poserer «Mattis» Nesje i 1910 med godt grep om trøyekanten. Huset til høgre er skulehuset frå 1868. Vidare ser ein Anne Aarheim og Jakob Myklebust sine forretningsbygg (frå ca. 1908-09). Mattis og kona Ingeborg (frå Smebyfamilien) bygde sitt forretningsbygg i 1914 på innsida av Svingjen. I mellomtida kom der to nye hus innanfor Christian Tonning sitt hus, nemleg Strikkarhuset og Jordmordhuset.

Slik såg området ved Svingjen ut i 1911, med Betania øvst oppe i «Myrane» og det andre bedehuset, Fredheim, til venstre i bildet. Det vesle kvite huset i Svingjen er i det som i dag er Stryn Vertshus






Og sett frå andre sida i 1913:



Mangt har endra seg i Stryn sentrum på desse vel 100 åra, men på Stryn Vertshus kan ein framleis få kjensla av «det gamle Stryn». Å sitje på uteterrassen ein fin sommardag med dogg på «glaset», god mat og nyte det sydande folkelivet, er terapi for kropp og sjel. Vi kan ikkje drøyme oss vekk no, for vi har framleis litt historie å «berette». Dette er det eldste bildet som viser Stryn sentrum frå aust. Vi ser tre hus i Svingjen; nærast kamera Strikkarstova, «Stryn Vertshus anno 1895» og vi skimtar så vidt skulen for Tonning krins. «Telegrafen» er flytta ut i Perhustunet. Det var god plass i Stryn sentrum på den tida, og smått om senn vart det tett i tett med hus i Svingjen og aust- og vestover langs bygdevegen.


Petterane» i Svingjen
Christian Johansen vart født i 1827 på husmannsplassen Røda på bruket Vonheim på Storesunde. I kyrkjeboka framgår det at han var fødd utanfor ekteskapet (uægte). Faren Johan Eilert Harboe Bech var av fornem offisersfamilie. Far til Johan var premierløytnant busett på Skåden i Innvik; Dominicus Nagel von Beck og mora Kiøniche Bolette Harboe. 
Den 21 år gamle Johan møtte nok på den 15 år eldre Martha Hansdatter Sunde på ei tilstelling jula 1826 på Kapteinsgarden på Mindresunde, som ligg i nærleiken av plassen der Marta kom frå. Christian vart resultatet, og han vaks opp på Storesunde utan faren sin. Han fekk ikkje noko særs skulegong, og kvitteringar seinare i livet viser at han ikkje var særleg skrivefør. Christian gifte seg 2. juni 1857 med Ingeborg Johnsdatter (f. 1824) frå Aarheim. Då dei skulle døype jentebarnet sitt, skreiv Ingeborg brev til Kiøniche Bolette Harboe og spurte om ho fekk kalle henne opp att. Ho fekk tydelegvis lov til det, og jenta vart heitande Bolette. Bolette gifte seg seinare med Mons Monsen Aaland. Han var handelsmann og dei budde nokre år i Selje før dei emigrerte til Amerika i 1883. Ti år seinare reiste veslebroren Petter over. Det var denne Petter som tok over den vesle stova og bygde det som vart til Tonning pensjonat.
Av rekneskapa for skuledrifta, vart Christian rekna som oppsitjar på Tonning frå 1.1.1874. Huset stod mest truleg ferdig i 1873, og som nabo til skulen fekk Christian i oppdrag å gjere teneste for skulekrinsen. Kvitteringane er stort sett underteikna med påhalden pen, men i 1882 finn ein signaturen hans på kvitteringa:
Petter var komen heim til Stryn i 1900, noko Folketeljinga same året viser. Han var oppført som Amerikansk statsborgar og dreiv ei leigd skyssforretning. Året etter gifte han seg med Anne Marie Monsdatter Kroken frå Hafslo i Sogn. Ho var nettopp utdanna frå Jenteskulen på Kroken. På biletet frå 1906 ser vi Petter med sonen Kristian Mandrup (Kristian på Bakkjen) , Anne Marie, tenestejenta og i gyngestolen sit Ingeborg som då var vel 80 år.